Aktiv helg i Hardanger

Trugeturer eller sideropplevelse

kombinert med god mat,

og RIB tur på fjorden  


 

Hardangerkongen vintertur 2 timar

Hardangerkongen er ein saktegåande skyssbåt med stort fordekk og god plass til alle 12 passasjerar.  I dårlig vær er det sitteplass til alle inne i styrehus, og nede under dekk. I vinterhalvåret er parkering og oppmøte i Eidfjord marina "Eidfjordvegen 329"  

FraNOK 1'995
Bestill nå!

RIB tur 60 minutter

Turen startar i Eidfjord Hamn etter påkledning, og ein kort sikkerheits gjennomgang. Me vil ha fleire stop undervegs, utan å gå ut av båten, der båtføraren vil fortelja litt om det me ser. Det kan være lurt å ha fotoapparat lett tilgjengeleg.  Ein stopp vil være i Hotle der det går geiter ute som kjem ned til båten, ved ein annan stopp er det ofte kobbe å sjå i sjøen eller på land. Det er eit rikt fugleliv i Eidfjorden av spesielt sjøfugl, men dette varierer også litt med årstidene. Når båten stoppar innerst i Simadalsfjorden så befinn me oss ved eit av Noregs største kraftverk, der  produksjonen gjeng føre seg inne i fjellet. Me vil fortelje litt om kraftstasjonen, og sette det i samanheng med andre serverdigheiter som me ikkje når med båten, slik som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen.  Simadalsfjorden er visuelt flott, med sine bratte fjellsider og fleire små fossar. Når me seinare plasserer oss midt ute i Eidfjorden vil me sjå Eidfjord samfunnet, fjellgardane Kjeåsen og Skår, Hardangerbrua og Hardangerjøkulen. Der vil fortelje litt om kva som har forma naturen, folk og samfunnet me ser. Ein tur med oss kan sikkert påverke kva du vil sjå og gjera etter at du kjem på land att. Eit alternativ til kraftstasjonen i Simadalsfjorden, er å køyre ut til Hardangerbrua for å studere den frå sjøen.  Her er mykje å fortelje om byggeprosess og dimensjonar. Undervegs dit passerer me ein foss som kjem nesten oppi båten på ein regnværsdag, og stadar med kulturhistorisk betydning.  Det vert ikkje tid til Simadalsfjorden og Hardangerbrua på same tur, så passasjerane eller vindtilhøve påverkar dette.

FraNOK 495
Bestill nå!

Bu i Kinsarvik. Sidertur på Hardangerfjorden

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00. Laurdag  vert det avreise med RIB båt frå Kinsarvik Hamn kl. 11:00. Turen går innover sørover i retning Lofthus, men me tek oss  tid til å studere litt fugle og dyrelivet på vegen. Tanken er å bruke ein time på sjøen før de vert satt i land på Lofthus. Der får de ei sidersmaking på ein serveringsstad som heiter Ekspedisjonen, som også eigenproduserer sider. Etterpå vert det ein tur til Helleland Gard som produserer merkevara Heldre for prøvesmaking. Med gardsutsal for sider vert det også mogeleg å handle med seg sortane ein har smakt på. Shuttlebus Hardnager hentar dykk på Helleland Gard den ettermiddagen, og skyssar tilbake til Kinsarvik. Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Der vert det fokus på lokale råvarer og drikke. Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga. Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon, eller dersom du vil ha ei opplegg spesielt tilpassa ei større gruppe.

FraNOK 5'495
Bestill nå!