Fra NOK 440
Denne turen treng 7 voksne, eller 10 som ein mix av voksne og barn. Det kan være to av dere, og fem frå ei anna gruppe.
Når båten stoppar innerst i Simadalsfjorden så befinn me oss ved eit av Noregs største kraftverk, der produksjonen går føre seg inne i fjellet. Me vil fortelje litt om kraftstasjonen, og sette det i samanheng med andre serverdigheiter som me ikkje når med båten, slik som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen. Simadalsfjorden er visuelt flott, med sine bratte fjellsider og fleire små fossar.
Når me seinare plasserer oss midt ute i Eidfjorden vil me sjå Eidfjord samfunnet, fjellgardane Kjeåsen og Skår, Hardangerbrua og Hardangerjøkulen. Der vil me fortelje litt om kva som har forma naturen, folk og samfunnet me ser. Ein tur med oss kan sikkert påverka kva du vil sjå og gjera etter at du kjem på land att.