Fra NOK 1'995
Normalt vil turen begynne med å gå inn Simadalsfjorden og snu framom kraftstasjonen der. Turen fortset langs land på vestsida av Simadalsfjorden og etterkvart Eidfjorden. Undervegs passerar me fossar, fråflytta bebyggelse og område som frå tid til anna byr på dyreliv.
Fjellgardane Kjeåsen og Skår vil være synleg frå båten, og med høgt skydekke vil ein også skimte isbreen Hardangerjøkulen.
Alternativ rute vil være å køyre utover langs land på austsida av fjorden, heilt ut til Hardangerbrua, for så å returnere langs vestsida av fjorden. Det er fleire kulturhistoriske stader undervegs på denne ruta, som kapteinen kan fortelje om.
Før me kan legge ut på denne turen treng me 5 vaksne passasjerar, eller 7 dersom det er ein mix av ungar og vaksne. Om vinteren treng me også å få bestillinga inn ei veke før avgang sidan me tek andre jobbar i lågsesong, og kanskje lyt bytte vakter for å få dette til.